torsdag 7. november 2013

Det sammensatte bilete



Det sammensatte bilete

Interiørbladet ”garn & design” er laga for dei som er veldig interessert i strikking/hekling og interiør. I bladet er det idear og tips om kva du kan strikke/hekle til heimen din, samt strikkeoppskrifter på gåver nå før jol.

For å kunne lage forsida til interiørbladet tok eg kontakt med Seljord Vev og Garnsenter for utlån av garn, strikkepinnar og glass- varmerar og Vest-Telemark Libris for utlån av trefuglar, strikkebok og lysestakar. Resten av interiøret slik som Eames gyngestol, hekla puff, asina tre kasse, trollhassel med hjarte pynt og reinsdyrskinn hadde eg sjølv.
Bakgrunnen for ideen til fotografiet var eg ville få fram haustkosen ved å strikke, og det synes eg kom godt fram ved bruk av peisen som bakgrunn. Bilete er tatt på stativ i dagsljos, resten av ljoset kjem frå peisen og lysestakane. Oppbygning av bilde er tenkt ut frå det gylne snitt og har brukt trekant som utgangspunkt for komposisjonen, puff mot trekasse og opp mot tre fuglane på peishylla, de er med på å få balanse i bilete. Heile interiøret har eg plassert sjølv for å skape det uttrykket eg ville ha. Fargane er i lyse pastell og jordfargar i kombinasjon med tre og natur. Qr koden kan brukas til f.eks ei strikkeoppskrift, ein videosnutt av korleis ein legg opp stikke tøyet o.l mens eg bruka den til å reklamere litt for kor eg hadde lånt dei forskjellige varene.
Interessen for garn/hekling har vore og er veldig trendy og det har i det seinaste vore fokus på at ting skal vera sjølvlaga. Bladets innhald skal vera inspirerande gåvetips nå mot jol.

Bilde justeringar, skjerpingar og optimaliseringar:
Fotografi av interiør: Blender f/5,0 Lukkar ¼ Iso 200 Brennvidde 20.0mm
Justert i Bridge Raw format: Exposure, contrast, highlights, shadows, whites, blacks, clarity og virbrance.
Justeringar i Photoshop: Sharpen, clone og crop verktøyene blei bruka for å ferdigstille bilete.
Fotografiet av Bird`s: Blender f/5,0 Lukkar ¼ Iso 200 Brennvidde 40.0mm
Justeringar i Bridge raw: Exposure

Justeringar i Photoshop: Eraser tool, drop shadow og crop tool.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar