torsdag 7. november 2013

Det iscenesatte/arrangerte bilete


Det iscenesatte/arrangerte bilete og eksempel på bileta ved sidan av kvarandre.

Utgangspunktet for mitt iscenesatte/arrangerte bilete er:

Maleri: ”Ved evighetens port”
Kunstmålar: Vincent van Gogh
Årstal:1882

Bilete blei måla i Saint-Rémy-de-Provence, etter ein litografi han hadde gjort i 1882. Maleriet blei ferdigstilt bare nokon dagar før van Gogh skaut seg sjølv og viser ein mann som skjuler andlete i hendane, bilete gjer eit inntrykk av depresjon og håplaushet.


Det iscenesatte/arrangerte bilete

Foto: “Eg vil ha meir lego friends, mamma….”
Fotograf: Trude Hagen
Årstal: 2013

Ein haustkveld etter barnehagen, kjem Frida inn I støga iført mammas converse. Ho likar å låne store sko…vel oppdragen som ho er  spør ho fint om ho kan få meir lego friends?  Men mor seier nei, og momentant sett ho seg ned I gyngestolen for å furte.
Av erfaring så veit eg at ho blir sitjande der ei god stund, då ser eg ein gylden moglegheit til å få tatt eit bilete som uttrykte både depresjon og håplausheit, eit blinksudd som mor trong.

Fotografiet tok eg med stativ og sidan eg valgte lang lukkartid fekk eg fram bevegelsen rundt hovudet, dette blei med på å  forsterke utrykket depresjon.
Dette blei grunnlaget for vidare jobbing mot maleriet “ Ved evighetens port” av Van Gogh.

Bilete justeringar, skjerpingar og optimaliseringar:

Fotografi: Blender f/3.5 Lukker 4.0 Iso 200 Brennvidde 18 mm
Justeringar i RAW: Temperatur, fargetone, eksponering, kontrast, skyggar, kvithet, svarthet og klarhet.
Justeringer i Photoshop: Skjerping, tryllestavmarkøren beskjæring og redigering i filter funksjonen med oljemaling og jobba litt med siste overflate finish der for å få fram maleri effekten.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar