torsdag 7. november 2013

Det manipulerte bilete


Det manipulerte bilete- Seiern er vår

Mitt manipulerte bilete er samansatt av tre forskjellige motiv, flagg, sjøormtårnet og ”jentene” mine.
For å få fram sterke kontraster valgte eg å ta vekk farge informasjonen på to av motiva, og beholde fargane på flagget. Ved å behalde fargane på flagget blei det gylne snitt forsterka, sidan flagget er plassert akkurat i det punktet.
Bilete av tårnet er tatt i dagslys når lyset kjem frå sør, bilete av jentene er tatt på ein fjelltur i dagslys også når sola lyser frå sør. At lyset kjem frå sør på jentene kjem ikkje så tydeleg fram på motivet, men det er fordi eg har valgt at bilete skal sjåast frå avstand for å få fram budskapet i bilete. Om eg hadde beskjært det nærmare vil det uttrykke noko anna enn det som er meininga, nemelg gleden av det å klare å bestige tårnet og at flagget blir reist i gledesrusen.
Flagget som er  brukt i motivet er tatt i dagslys, i vind og var montert på min husvegg. Det var viktig å ha bevegelse i flagget, slik at det også blei bevegelse i motivet.
I det manipulerte bilete blir uttrykket nostalgisk og nasjonalromantisk ved bruk  av fargane, rødt,kvitt og blått og uttrykket gleda over å seire.


Bilde 1: DSC_0021-
Tårnet- Bilete tatt i daglys med stativ.
Blender f/5,0 Lukker 1/180 Iso 200 Brennvidde 55 mm
Bilete er ikkje importert i filtypen dng, ingen justering i Raw format.
Justeringane kontrast og metning (svart/kvitt), samt bruk av spiral beskjæringsverktøyet for å få bilete i det gylne snitt blei gjort i Photoshop.


Bilde 2:DSC_0029-
Jentene tatt i dagslys tatt med stativ
Blender f/16,0 Lukkertid 1/6 Iso 200 Brennvidde 26mm
Justering i Raw format: Eksponering, kontrast, høglys, skyggar, kvithet, svarthet og glød.
Beskjæring og bearbeiding i Photoshop: Brukte tryllestaven og viskelær med forskjellige størrelser og mjukhet for å fjerne bakgrunnen. Bruka metning for å få bilete i svart/kvitt.


Bilde 3:DSC_0003-Flagg dagslys tatt med stativ
Blender f/5,0 lukker 1/20 Iso 200 brennvidde 55mm
Justering i Raw format: Eksponering og klarhet
Beskjæring og bearbeiding i Photoshop: Brukte magnet markeringsverktøyet og viskelær med mjuk ytterkant for å fjerne bakgrunnen i bilde.
Flagget er det einaste bilete som har klare reine fargar, og ved å bruke lang lukkartid kan man sjå korleis flagget vaiar i vinden på toppen av tårnet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar